Feltbrev frå India. Om temperamentsfulle gudinner, mat i gudetilbeding og utfordring av eigne kulturelle kategoriar for mat

Tekst: Dagrun Kyte Gjøstein, masterstudent på feltarbeid

Ved dei fleste høgtider i Noreg har eg erfart at mat (og drikke) er viktige element for feiring av høgtida. Spesielle typar mat skal lagas og etast til spesielle høgtider, som pinnekjøt, lutefisk eller ribbe til jul, og lam og appelsin til påske. Også i India er mat eit viktig element i hindufestivalar og puja (tilbeding). Ved dei ulike hindufestivalane eg har deltatt i så langt[i], Holi, Shitla Mata og Gangor, har det vore spesiell mat som må lagast og etast til dei ulike dagane. Litt av maten har først blitt gitt til gudene under puja, før familiane sjølve et mat desse dagane.Shitla Mata: The Godess of SmallpoxDå Rinky, ei  trivelig indisk jente på 22 og feltassistenten til Synnøve (medmasterstudent ved UiO som gjer feltarbeid i ein landsby ei times reise frå landsbyen eg bur i) inviterte oss heim til hennar familie for å ferie Shitla Mata kunne me ikkje takke nei. Shitla Mata er ei gudinne tradisjonelt tilbedt for å beskytte familien frå alvorlige utbrot av smallpox (koppar), men tilbes også for å lette utbudd av meslingar, vasskoppar og andre barnesjukdommar som involverer utslett og feber.

I eit kongerike for lenge sidan bur ei mor i lag med sønene sine[ii]. Ho er den einaste i kongeriket som tilber Shitla Mata og lagar ikkje fersk mat på basyoda (Shitla Mata-dagen), ho et kald mat som er laga dagen før. Natta før basyoda har kvinna ein draum der Shitla Mata seier at ho vil brenne heile landsbyen i sinne fordi dei ikkje tilber henne. Neste morgon når kvinna står opp ser ho at huda til dei andre i landsbyen er dekka av eit brennande, kløande utslett. Alle har fått sjukdommen utanom hennar familie, også kongens familie. Kongen vil vite kvifor Shitla Mata ikkje kom til hennar hus, og kvinna fortel at ho ikkje lagar eld på chulaen[iii] denne dagen, men lagar maten kvelden før. Kongen påbyr at alle i kongeriket heretter ikkje skal lage mat eller fyre opp eld på basyoda, men lage mat for denne dagen kvelden før.

Shitla Mata-dagen begynte derfor kvelden før; mykje spesiell mat måtte lagast til dagen etter, og som deltakande observatørar hjelpte me til på kjøkkenet i fleire timar for å få alt klart. Puri-brød, deig laga av finmale heile kveitekorn, vatn, og litt olje som blir frityrsteikt. Pua, deig laga av kveitemjøl, sukker, vatn og ghee (klarna smør), blei også frityrsteikt. Methi, ein grønsaksrett med ein type korn i.[iv] Rabri, ei drikke blanda av heimelaga yoghurt, vatn, salt og ein graut kokt på mais, havre eller kveite. Søtris, vatn, ris og sukker som blir kokt. Dette er mat som Shitla Mata likar og som har ei kjølande effekt på temperamentet hennar forklarte Rinky. Me blei også fortalt at me måtte stå tidleg opp neste morgon, rundt fem, at alle rom i huset måtte vaskast med vatn, me måtte ta kaldt bad før puja i tempelet tidleg på morgonen og at etter puja kunne me berre ete kald mat. Også dette for å ha ei kjølande effekt på Shitla Mata. Når neste dag kom viste det seg at me ikkje stod opp før ein time seinare enn førespegla, me hadde ikkje tid til å ta kaldt bad, og alle romma i huset blei ikkje vaska, kun kjøkkenet som var det viktigaste. Mor i huset hadde stått opp tidligare og tatt kaldt bad.

Shitla Mata-tempelet

Mor har laga til ein tallerken med sju små keramikkrukker med dei forskjellige matrettane og andre ting til å ha med til tempelet. Ei med søtris, pua, puri, heimelaga yoghurt, tørka gule linser, ei med gurkemeie og ei med hennapulver, og ei mugge med vatn og mjølk i. Før me går frå huset må me vaske hendene med litt av mjølkevatnet. Shita Mata-puja er ei kvinnelig oppgåve, og Rinky, mor, Synnøve og eg legg i veg langs gatene til Shita Mata-tempelet. På vegen nynnar mor på songar. Me passerer menn som er tar morgonbadet ute, kvinner som ber vatn i krukker på hovudet, og fire grisar som et frukost på ein søppelhaug på eit gatehjørne. Framme i tempelet set me skoa igjen utanfor og dekker håret med eit sjal. Mor teiknar solteiknet på begge sider av inngangen med hennapulveret og litt vatn før me går inn. Shitla Mata har seks søstre, og først vert gudestatuane som er i stein bada med mjølkevatnet. Mor vil gjerne at eg og Synnøve skal gjere det same som ho, så me hermar så godt me kan. Det neste ho gjer å gi alle gudane tilak (merke i panna) med hennapulver, så gurkemeie. Så får alle gudane ein liten smakebit kvar av alle typane mat me har med. Ei klype av kvar matrett blir tilført munnen til gudane. Søtrisen er klebrig og heng best på gudestatuane, resten av maten fell ned på bakken.

Rein eller uren mat?

Mens me var i tempelet og gjorde puja måtte me fleire gonger hysje bort en svolten katt som sirkla rundt på muren over gudestatuane i stein. Etter at me var ferdig inne i sjølve tempelet og mor gjorde puja til en gudestatue utanfor, såg katten endelig sitt snitt, hoppa ned frå muren og åt maten me hadde ofra til Shitla Mata. Utanfor tempelporten stod fire gatehundar og en gategris og logra forventningsfullt med halen. Mor i huset gav dei nokre av puri-brødene som dei jafsa i seg mens me passerte dei på vår veg vidare til neste tempel. Dette var eit mykje mindre tempel, kor kun ei gudestatue fekk merke i panna og litt av alle typane mat me hadde med. Dette tempelet hadde ingen port og allereie i det me gjekk inn fylgde to hundar etter oss. Dei stod tålmodig bak oss og venta mens mor gjorde puja. I det me var ferdige og tok på oss skoa på veg ut, kasta begge seg over maten og slikka den i seg med stor appetitt. Ferda gjekk vidare tilbake til huset kor eg og Synnøve blei plassert i opphaldsrommet medan Rinky og mor gjekk på kjøkkenet. Kort tid etter dukka Rinky opp med frukosten vår; ei skål med søtris, ei med rabri, ei med methi (flytande grønsaksrett) og puri og pua til å dyppe i rettane. Som indisk skikk skal gjestene ete før vertsskapet, og Rinky forlot oss to for å la oss ete i fred. Halvvegs ferdig å ete kjem Rinky tilbake for å spørje om me vil ha meir av nokre av rettane. Ho fortel også at dei hadde blanda ein liten bit av restane me hadde med tilbake frå tempelet i maten me et no. Maten smakte med eitt ikkje like godt lenger. Som nordmenn flest, overnervøse for bakteriar når me er på besøk i tropiske strøk, var dette ei hard nøtt å svelgje. Alle sine fingrar hadde vore oppi desse to keramikkrukkene med en blanding av hennapulver, dei andre matrettane og spyttet frå alle gate-dyra som hadde slikka på gudestatuane. Ettersom me var seint ute på puja-runde denne dagen og det ikkje låg att særleg med matrestar i templa då me kom, rekna me med at det hadde vore fleire rundar med dyr som slikka i seg mat tidligare denne morgonen. At mat som er ofra til gudane og så gitt tilbake er rein (som idémessig er greit å godta) kom med eitt i konflikt med ein norsk tankegang basert på bakterie og smitte. Det vart vanskelig å tenke på maten me åt som rein.

Kulturell kategorikrasj

På feltarbeid i Nord-India er det mange av mine vante kategoriar for kva som er sunt og usunt, reint og ureint som har blitt utfordra – spesielt når det gjeld mat. Då både eg og ei kvinne i familien eg bur i var forkjøla, tilbudde eg henne fleire dagar å ete appelsin som eg hadde kjøpt i tru om at det var bra med c-vitaminar for forkjølinga. Ho takka nei kvar gong. Etter kvart fekk eg oppklart kvifor; forkjøling er ein kald sjukdom, og appelsin er kald mat fekk eg forklart – derfor er det ikkje bra (sunt?) å ete appelsin når ein er forkjøla! Ved ei anna anledning hadde eg med vassmelon når eg besøkte ein familie. Ei av kvinnene i familien som var gravid (som er rekna som ein varm tilstand) nekta å ete av melonen. Kvifor ville ho ikkje ta i mot ville eg vite? Ho forklarte at ho ikkje burde ete dette medan ho var gravid. Kvifor spurte eg igjen? Det kom fram at dei rekna vassmelon som ei varm frukt (og grunna hennar varme tilstand som gravid ville det ikkje vera bra for henne å ete?). Tidlegare hadde eg alltid tenkt på vassmelon som ei kjølande frukt å ete i sommarvarmen. Så feil kan ein ta!

Då eg hadde forsøkt å takke fint nei til ein tredje porsjon av ein sukkerbasert, frityrstekt søtsak som vart tilbydt til den (etter min smak) allereie oversøte teen eg fekk servert, og blei møtt med kvifor eg ikkje ville ete meir, svarte eg spøkefullt at det sjølvsagt smakte godt, men at eg ikkje ville ete meir fordi eg ikkje ville bli feit (moti på hindi). Dette kunne ikkje vertskapet forstå, ein vart då ikkje moti av dette, ikkje av sukker. Det er derimot roti ein blir moti av meinte dei. Roti er ugjæra flatt brød, av finmale heile kveitekorn, vatn og salt steikt på eld. Roti blir laga utandørs på open eld på ein chula i familien der eg bur. Kvar morgon blir den første rotien dei steiker, gai ki roti[v] tatt vare på og gitt til ei ku i landsbyen. Familien forklarar dette med at kyr er både mor og gud, og at å gi ho den første rotien er lykkebringande for familien. Chulaen blir smurt inn med kumøk innimellom for å haldast ved like. For å få fyr på chulaen bruker familien også upla (tørka kumøkkaker) som brensel. I byrjinga reagerte eg på at dei brakk av bitar frå uplaen og fortsette å kjevle deig til rotibrød utan å vaske seg på hendene, sjølv om eg hadde lest på førehand at kumøkk i India er sett på som reint. Fordi huset eg bur i er ein brahmin-familie (høgkaste), er dei ekstra opptatt av reinleik. Bestemor i huset lurte tidelig på om min landsby i Norge var rein. Eg forstod ikkje spørsmålet med ein gong og lurte forsiktig på om hennar landsby var rein? Ja, hennar landsby var svært rein meinte ho, her budde det nesten berre brahminar. Kva meiner ho med rein spurte eg tolken min? Kriteria bestemor oppgav var om folk gjekk i reine klede og om dei vaska munnen før dei tok te om morgonen.

Etter kvart har eg komme til å godta at dei tørka kumøkkakene ikkje er ureine. Og at eg aldri kan gå ut i frå dei norske kategoriane for å forstå kva som blir rekna som sunt/usunt, reint/ureint eller bra/ikkje bra å ete ved sjukdom her. Og at mat som er ofra til gudane og gitt tilbake her er rein, trass i eventuelle bakterierestar frå dyrespytt.


[i] For tida er eg på feltarbeid i ein indisk landsby, nokre timars køyretur sør for Delhi.

[ii] Har høyrt fleire variantar av historia, dette er den Rinky sin familie fortalte.

[iii]Chula er ein utandørs omn av leire som dei brenn kvist og tørka kumøkkaker i for å steike brød og koke mat på open eld.

[iv] Kva type grønsaksrett som blei laga denne dagen er ikkje viktig har eg blitt fortalt, men dei andre rettane skal alltid lagast til Shitla Mata.

[v] Direkte oversatt ”kua sin roti”.