Livet bak radioapparatet

Ei historie frå tida som teknisk ansvarlig for studentradioen i Oslo, Radio Nova.

Av: Mari-Janne Myrhol

Dei tre romma

I fjerde etasje på Chateau Neuf kan ein finne eit rom som har evna til å strekkje seg utover sine eigne fysiske grenser. Det er ikkje veldig eit veldig stort rom, men det har element ved seg som gjer at det kan strekke seg langt. Denne utstrekking er ikkje lett å sjå, men det er mogleg å høyre den (Eide og Nyre 2004: 17, Johansen 2007: 192).

Det vesle rommet har namnet A-studio. På innsida av døra er det eit bord i form av ein halvsirkel. Det er festa på ein av dei fire veggane. Ved bordet står det til eit kvar tid minst to stolar. På bordet er det plassert ein PC-skjerm. Over bordet, rett framfor stolane, er det plassert to stativ som held kvar sin mikrofon. Mikrofonane er store, og begge har ei gul hette på seg. Like ved kvar av mikrofonane ligg det to sett hovudtelefonar. Begge setta med hovudtelefonar, og dei to mikrofonane, har ein svart kabel kopla i seg. Alle dei fire kablane forsvinn bak pc-skjermen, og vidare ned mellom bordet og veggen. Under bordet går dei fire kablane vidare inn i veggen, og deretter forsvinn dei ut av syne. Oppom bordet er det eit vindauge. Midt i vindaugskarmen er det eit raudt lys. Det lyser ikkje no. Gjennom glaset er det mogleg å sjå inn i eit anna rom.

Rommet på den andre sida av glaset er litt større, og døra er merka med A-kontroll. Her inne er det også eit bord. Eit litt anna type bord. Eit miksebord. Det har knappar, spakar, brytarar og små lys. Dersom ein går forbi bordet og rundt på baksida av det, finn ein tilbake til kablane frå det andre rommet. Det er inga lett oppgåve å finne fram til dei, for det er mykje meir enn fire kablar her. Det er blant anna kablar frå ei datamaskin, frå ein dobbel cd-spelar og frå to platespelarar. Skjermen til datamaskina viser det same som skjermen i det andre rommet. Ei skifting av bilete her, medfører det same skifte på begge. Skjermen i det vesle rommet er ein klon av skjermen i det store rommet. Det er kommunikasjon mellom desse romma, via kablar og pc-skjermar.

For at det vesle rommet skal kunne strekker seg utover seg sjølv, må det nytte nokre av desse kommunikasjonstrådane (Latour 1987: 248-249). Det må sende signal frå seg, til bordet i det store rommet. Dersom bordet får dei rette beskjedane tek det imot signala, behandlar dei, og sender dei vidare (Eide og Nyre 2004: 20) Derfor må det også gå kablar ut av bordet, ikkje berre inn i det. Det går mellom anna kablar ut til eit høgtalarsett som heng ned frå taket rett over bordet. Nokre andre kablar går ut og forsvinn inn i veggen. Dei er ute av syne bak veggen, men dersom ein veit kvar ein skal leite, er det mogleg å finne dei igjen.

Dei kjem til syne igjen på ein stad der dei kjem ut av veggen, for å komme seg vidare inn i ei boks. Denne boksa er plassert inne på eit tredje rom, og den er viktigare enn storleiken skulle tilsei. Utan denne ville ikkje det vere mogleg for det vesle rommet å få signala sine utanfor Chateau Neuf  sin betong. Om nokon trykker på ein raud knapp med påskrifta “On Air”, i det andre av dei tre romma, vil denne boksa ta det vesle rommet sine signal vidare (Latour 1987: 232). Den vil ta signala oppover i bygget, heilt oppå taket. Der oppe på toppen sluttar dei synlege bevisa på rommet si utbreiing. Likevel er signala der. Dei er i lufta. Om du har ein mottakar som er innan rekkevidde, er det mogleg for deg å høyre dei. Det er slik rommet kan strekkje seg utanfor sine fysiske grenser. Det sender lyden sin ut (Johansen 2007: 192, Sterne 2003: 225-226). Noko viktig manglar derimot for at dette skal kunne skje. Romma manglar menneske (Eide og Nyre 2004: 92-93, Sterne 2003: 246).

Menneska

Dei tre romma i Chateau Neuf si fjerde etasje, blir ofte fylt av menneske. Dei kallar seg journalistar og teknikarar, og dei står for skaping av lyd og handtering av det store bordet med knappar, brytarar, spakar og lys. Det var derfor ikkje uventa å finne menneske der klokka 09.45 ein av dei siste dagane i april. Framfor det store miksebordet i A-kontroll sit det ein teknikar. Han møter meg med eit “Hei!” når eg kjem inn døra. Deretter vendar han blikket mot PC-skjermen som står plassert like over miksebordet. Skjermen viser klokke, dato, namnet på radiostasjonen og namnet på eit radioprogram. Største delen av skjermbildet viser ei liste med ulike namn på låtar, reportasjar og jinglar. Innimellom dei står det kommentarar som opningsstikk, intro låt, utro låt, intro innslag, utro innslag, studiointervju og avsluttingsstikk. Teknikaren flyttar etter litt blikket inn mot det vesle rommet på andre sida av vindauget.

Gjennom glaset får han augekontakt med Journalisten, som sit plassert på ein av dei to stolane framfor halvsirkel bordet. Han snakkar inn i ein av mikrofonane, og har eit av hovudsette plassert på hovudet slik at det dekker øyrene. I vindaugskarmen rett framfor han, lyser det raude lyset. Ut av høgtalarane i kontrollrommet kan det høyrast lydar som er synkronisert med rørslene munnen til Journalisten gjer. Idet han er ferdig med å snakke peikar han rett mot Teknikaren. Han reagerar med å ta ned ein spak merka “Mik 1”, samtidig som han trekk opp ein spak merka med “Digas 1”. Dette gjer at det raude lyset i vindaugskarmen sluttar å lyse, samtidig som det skaper aktivitet på PC-skjermen. Ein av låttitlane blir omringa av ein raud firkant, og ut av høgtalarane strøymer det musikk. Når låta tonar ut ca. 3 minutt seinare, blir handlingane reversert. “Digas 1”-spaken går ned, deretter “Mik 1”-spaken opp, raudlyset lyser, og Teknikaren peikar mot Journalisten. Han reagerar med å snakke inn i mikrofonen.

Den gule vindhetta

Klokka 09.55 er og det er ingen inne i A-studio. Siste låt spelar og journalisten har flytta seg inn til teknikaren i kontrollrommet. I studio er berre bordet, stolane, pc-skjermen, hovudtelefonane, og dei to mikrofonane med gule hetter. Nei, vent litt. Den eine av mikrofonane er naken, den manglar den gule hette si. Eg ser under bordet, men finn ingenting. Eg leitar i alle krikar og krokar av rommet, og sidan det er lite, forstår eg fort at det ikkje er noko å finne. Inne i A-kontroll sit framleis Teknikaren, eg kan sjå han gjennom glaset. Han ser tilbake på meg. Eg går inn til han.

Eg: “Det manglar ei vindhette no, men det har du kanskje sett?”

Teknikaren: “Nei. Jeg har ikke vært inne.”

Eg: “Det er visst nokon som har kasta den vekk. Irriterande.”

Teknikaren: (Ler litt) “Ja…”

Eg: “Det er så unødvendig.”

Teknikaren: “Det er det… men vi har ikke en sånn skjerm da, sånn som står opp sånn foran” (Han held ei hand rett framfor munnen som illustrasjon).

Eg: “Åja, popp-filter. Ja, det kan funke, og det har vi”

Medan eg leitar etter eit popp-filter, er den gule hetta framleis i tankane mine. Ikkje fordi den var spesielt fin eller dyr, men fordi den hadde ei viktig oppgåve. Den var der for å spreie, og dermed minske lufttrykket som ein pratande munn sender mot mikrofonen. Utan den ville det kome stygge poff-aktige lydar kvar gong nokon uttalte bokstavar som f.eks. t, b og p. Lydar som gjorde at mikrofonen sette sitt preg på lyden, i staden for å berre plukke den opp, og sende den vidare. Radiolyttarane skulle ikkje tenke på mikrofonen. Dei skulle berre lytte (Eide & Nyre 2004: 23, Sterne 2003: 225).

Eg møtte på Teknikaren igjen i A-studio, eg gav han popp-filtert eg hadde funne. Han byrjar å skru det fast på stativet til den nakne mikrofonen. Frå festet som no sit på stativet går det ei justerbar arm, i enden av den er det ein plastring på storleik med ei cd-plate. Inne i ringen er det spent ein tynn stoffbit. Stoffet har små hol, og er nærmast som netting i miniatyr. Teknikaren nyttar den justerbare arma til å vri filteret på plass framfor mikrofonen. Mellom filteret og mikrofonen blir det dermed skapt eit lite luftrom. Lufttrykket frå ein pratande munn vil no treffe stoffbiten, før det treff mikrofonen. Det ville bli delvis fanga i stoffet og spreidd utover i det vesle luftrommet. Saman vil dette gjere at mikrofonen får hjelp til å takle lufttrykket den skal omdanne til signal, og sende vidare (Huber & Runstein 2005: 171).

Verda i ubalanse

Klokka 09.58 sit vi igjen i A-kontroll. Det er to minutt igjen til neste program. Ein ny journalist kjem no bortover mot studio. Ho stikk hovudet innom kontrollrommet for å gi ein beskjed.

Journalisten: “I dag vil jeg prøve noe nytt”

Teknikaren: “Jaha…”

Journalisten: “Jeg vil snakke før introen”

Teknikaren: “Ok… før introjingelen?”

Journalisten: “Ja”

Eg: “Skal du snakke før introjingelen?”

Journalisten: “Hvis det ikke funker er det ikke verdens undergang”

Eg: “Jo, det kan være at universet rivnar, og alt ramler saman”

Teknikaren: “Miksebordet begynner å gnistre”

Både teknikaren, eg og Journalisten, ler framleis av dette idet ho går vidare inn i studio. Det ho ville gjere var eit brot med slik det vanlegvis vart gjort (Scannell 1991: 203) Standard oppskrift er at eit program startar med introjingel, og sluttar med ei låt, eller eventuelt ein jingel, eller nokre avsluttande ord frå ein journalist. Ikkje berre ville ho snakka før introjingelen, men ho ville i tillegg gjere det over avslutningslåta til programmet før. For Teknikaren, Journalisten og meg, førte dette til spøking om at det nærmast var som å rote med verdas balanse.

Klokka er no 09.59. Journalisten set seg klar framfor mikrofonen. Teknikaren tek “Digas 1”-spaken sakte nedover, og set deretter “Mik 1“-spaken opp. Det raude lyset i vindauget lyser opp, og Journalisten byrjar å prate. Under stemma hennar tonar musikken sakte ut. Den vert dempa i takt med Teknikaren si rørsle av “Digas 1”-spaken. I løpet av dei 15 sekunda som er igjen til intro-jingelen, gir journalisten informasjon om kva som skal kome. Nøyaktig 10.00 går mikrofonspaken ned, og programmet sin intro-jingel startar.

Omtrent sju minutt seinare småhoppar Journalisten blidt og nynnande forbi kontrollromdøra. Teknikaren og eg ler litt av henne der ho forsvinn bortover. Det er fleire ting med denne dagen som ikkje er som det brukar. Oftast sit journalistane nærmast som på nåler der inne. Om dei ikkje er svært så nervøse, så er dei alle fall ganske fokuserte. Eg kunne berre konkludere med ein ting, og eg delte tanken med Teknikaren. “Det er vindhetta som gjer det. Verda er ute av balanse.” Studioet mangla ein liten bit av seg sjølv. Eg var fullt klar over at det hadde hatt større konsekvensar om heile mikrofonen var vekk. Likevel var dette nok til at ikkje alt føltes heilt som det skulle.

Journalisten går på nytt forbi kontrollromdøra. Ho er framleis like lettbeint, men blikket er meir fokusert. Merksemda hennar er retta mot Gjesten ho har med. I kontrast til henne er han langt frå rolig. Dei går inn i det vesle rommet og lukkar døra. Journalisten sett seg vandt ned framfor mikrofonen med gul hette. Gjesten er litt meir nølande, og beheld god avstand til den nakne mikrofonen med popp-filteret. Journalisten tek tak i mikrofonstativet, og flyttar både det og mikrofonen nærmare Gjesten. Dette fører til at han tek blikket vekk frå henne, og heller fokuserer det inn mot mikrofonen bak popp-filteret. Han uroar seg kanskje for signala den snart skal sende vidare (Scannell 1991: 223-224, Sterne 2004: 238).

Skjermen framfor teknikaren indikerer at det er 15 sekund igjen av det ti-minutts lange innslaget. Samtidig som Journalisten snakkar rolig til den litt skjelvne Gjesten, ser ho bort mot skjermen på bordet framfor seg. Ho sluttar å snakke, tek på seg headsettet og ser inn mot Teknikaren. Han tek opp “Mik 1”-spaken, og deretter ein spak merka “Mik 2”. Raudlyset slår seg på, Teknikaren peikar på Journalisten, og ho startar å snakke. Etter ein introduksjon og eit spørsmål frå henne, kan lyden av Gjesten si litt skjelvande stemme, høyrast klart og fint gjennom høgtalarane. Popp-filtert gjer jobben sin. Teknikaren vender seg mot meg, gir eit fornøgd smil, og vender deretter blikket tilbake til dei to i studio.

Vindhettejakt

Rett etter at programmet er ferdig, set eg meg ned for å finne ny klednad til den nakne mikrofonen. Ein leverandør i Oslo har rett type. Perfekt! Etter lunsj, ein trikketur, og litt roting i gater på leit etter det rette bygget, nærmar eg meg ei ny vindhette. Lokala eg kjem inn i viser seg derimot å ikkje vere av typen finn rett hylle, ta med vare, betal og gå. Det er eit kontorlokale med resepsjon, og rom etter rom med seljarar. Den rette mannen vert kontakta med hjelp av resepsjonsdama. Eg forklarer han raskt kva type mikrofon eg manglar vindhette til.

Seljaren: “Vi har dessverre ikke de på lager akkurat nå, hvor fort trenger du dem?”

Eg: “Fortast mulig. Det er til Radio Nova, studentradioen. Vi har mista ei…”

Seljaren: “Ja, de må bestilles inn fra Wien”

Eg: “Og kor lang til trur du det tek?”

Seljaren: “2-3 uker”

Eg: “Ja, ok…. Du kan vel ikkje tenke deg nokre andre som kan passe”

Seljaren: “Nei… det er ein litt spesiell type det der, så tror ikke det… Berre ring å hør om et par uker du”

Eg: “Jepp, det skal eg gjer. Takk skal du ha”

Det vart altså ein handletur utan umiddelbart resultat. For mikrofonen betydde det to-tre veker i naken tilstand. For ei vindhette vart det ei lang reise frå Wien til Oslo. Og for Oslolufta, venta tidvis vidareføring av signal frå ein naken mikrofon, trygt plassert på eit lite rom, i fjerde etasje på Chateau Neuf.

Referanser:

Eide, Linda & Lars Nyre (2004) Radioradio: Lyd i journalistikk. Oslo: Samlaget.

Huber, David Miles & Robert E. Runstein (2005) Modern Recording Techniques, Sixth Edition. Oxford: Focal Press

Johansen, Anders (2007) Talekunst. Teknikk og naturlighet i det offentlige rom – Æresforelsning ved Norsk antropologisk foreinings årskonferanse i Trondheim, 19. mai 2006: “Homo faber”, i: Norsk antropologisk tidsskrift nr. 03-04 – 2007, s. 182-195.

Latour, Bruno (1987) Science in Action. Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press.

Scanell, Paddy (ed.) (1991) Broadcast Talk. London: Sage publication.

Sterne, Jonathan (2003) The Audible Past: Cultural Origins of Sound Reproduction. Durham: Duke University Press.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s